Velkommen til Café Rallaren

Café Rallaren ligg på Myrdal stasjon ved Bergensbanen 867 moh. Dette er knutepunktet som bind Flåmsbana saman med Bergensbanen. Vi tilbyr sykkelutleige og bagasjeoppbevaring.

 

Sykkelutleige frå Myrdal til Flåm

Vi har sesongope frå 1. juni til 30 september.

Henting av sykkel kan gjerast mellom kl 08:15 - 17:15 på Myrdal stasjon.
Etter sykkelturen leverer du sykkelen på Flåm jernbanestasjon før kl 18:30.

Sykkelhjelm og transport av syklane tilbake til Myrdal Stasjon er alltid inkludert i prisen.

Rallarvegen er den ultimate sykkelopplevinga og har vakse fram som ei av dei mest populære sykkelrutene i landet. Rallarvegen byr ikkje berre på mektig natur, det er også ei reise gjennom fascinerande kultur og historie. Eit godt turforslag er å ta toget frå Flåm til Myrdal, for så å sykle ned.

Meny

Velkomen til oss på Café Rallaren! Vi serverar både varme og kalde rettar. Vi kan blant anna anbefale vår populære Rallarsuppe med heimelaga gulrotkake, eller sveler med rømme og syltetøy til dessert. I tillegg til kaffi, te, varm sjokolade og mineralvatn har vi øl og vin servering. Sjå våre menyar for full oversikt over alt vi kan tilby. Vi kan servere grupper på inntil 45 personar. Grupper må bestille seinast 2 dagar før ankomst.